Rekrutering av nye sjåfører til godsbransjen og til fagforeningene er eit prioritert arbeid for mange om dagen.







Avdeling 36 Sogn og Fjordane transportarbeiderforeing har denne veka vert på besøk på transport og logistikk på Kaupanger. Her møtte vi 22 motiverte elever denne dagen som følgde interessert med og stilte gode spørsmål.
Rekrutering til godsbransjen er eit heitt og viktigt tema om dagen. Mangel på sjåfører både i Norge og resten av Europa begynder og sette preg på bransjen. Uten sjåføren på plass bak rattet vert lite transport utført. I Europa er det manko på 400.000 sjåfører vert det hevda. I Norge vil vi mangle 1000 nye sjåfører kvart år seier NLF. Kva med alle dei som forsvinner ut av bransjen og over i andre yrker? Kjem dei i tilleg til dei 1000 som NLF allerede seier dei årleg vil mangle?
Kva gjer til at sjåfører bytter «beite» og begynner i heilt andre yrker? Sjåførane merker like godt som alle andre dei auka energi prisane, auken i priser på alle varer som følge av auka energipriser og den auka renta. Sjåførane må betale denne auken av lønningsposen som alle andre. Når lønna er bedre i andre bransjer vert valget enkelt for mange. Då vert sjåførkarieren parkert, så dei får betalt rekningane med høgare lønn frå andre bransjer. Arbeidstidene går også veldig ofte langt ut over det ein kaller normal arbeidsdagen. Fritida vert ofte langt vekke frå familien for langtransportsjåfører. Noko som også tærer på eit familieliv. Det er større forventninger til meir likeverdig bidrag i heimen i dag enn det var for 20 – 30 år sidan. Dette er eksempel på ting som gjer rekrutering i bransjen utfordrende. Skal bransjen få tak i sjåfører I framtida må lønna aukast kraftigt. Langtransport sjåførane må kompenseres på ein mykje betre måte for å vere vekke så lenge frå familie. Dette må også arbeidsgiversida ta inn over seg i dei kommande lønsforhandlingane. Utgiftene må over på kundane slik som i alle andre bransjer. Vi treng sjåførane – sjåførane treng auke i lønna.
Elevane og Lærarane på skulen I Vitemeir bygget på Kaupanger har fått ein fantastisk bra plass og vere på. Tidsriktige klasserom / lokaler med tipp topp moderne fasiliteter. Parkering under tak for alle bilane og eigen vaskehall kan misunne mange bedrifter rundt omkring i landet. Det er flott og sjå at fylkeskommunen satser også i transportbransjen. Lærer Arne Skrede viste oss engasjert og stolt rundt på heile området. Litt oppgradering i lokala for truckopplæring står for tur, når dette er klart skulle vi vere godt rusta på alle fasiliteter til å ta imot nye sjåfør elever i framtida seier Skrede.
Slike plasser er gull verdt for rekruteringa. Verden er i utvikling og teknologien utvikler seg i eit tempo det er vanskelig og holde følge med. Lastebiler og lasteutstyr følger denne utviklinga. Det er derfor av stor betydning at skulane rundt om kring i landet som skal utdanne elevane følger utviklinga. Oppgraderinger i takt med utviklinga må vere av høg prioritet for dei som drifter slike faseliteter. Bransjen etterspør sjåfører som er i stand til og takle den nye teknologien.
Vitemeir bygget er verdt eit besøk i seg sjølv for både voksne og unge. Her kan ein lære meir om diverse teknologier i praksis samt få testa sine ferdigheter på både den eine og andre fronten. Vil absolutt anbefale ein tur for dei som har høve til det.