Frontfagets mange ord og uttrykk. Kven kan påvirke dei sentrale lønsforhandlingane?

Frontfagsmodellen er ikkje altid like enkel og forstå seg på. Det vert også stilt spørsmål om modellen fungerer hensiktsmessig. Det spørsmålet vert ikkje teke stilling til her. Vi vil prøve og forklare nokre ord og uttrykk som vert brukt i eit lønsoppgjør. Vi ser også litt på kven som kan påvirke dei sentrale forhandlingane.

Bilde frå oppstartsmøte og krav overleveringa i årets Gods oppgjør mellom Fellesforbundet/ YTF og NHO LT/ NLF

Kva betyr ramme?

I eit tariffoppgjør blir man enige om ei økonomisk ramme for oppgjøret, det vil sei den kostnadsramma man skal holde seg innanfor. Den økonomiske ramma innbefatter lønnstillegg, andre økonomiske tillegg som for eksempel økt ubekvemstillegg, opprykk på annesinitets stigen og den beregnede verdien av andre goder som for eksempel lengre ferie eller kortere arbeidstid.

Den økonomiske rammen er eit forhandlingsspørsmål, men baserer seg på fleire komponenter, som for eksempel at regjeringa ofte legger sterke føringer for rammene for tariffoppgjøra i statsbudsjettet. Norges Bank vedtar styringsrenta og legger dermed føringer for norsk økonomi. I tillegg ligger tall frå Teknisk beregningsutvalg (TBU) for oppgjøra til grunn for beregning av den økonomiske ramma. Også lønnsoverheng og beregninger for lønnsglidning beregnes inn i den økonomiske ramma. Desse begrepa kjem vi tilbake til lenger nede i artikkelen.

I årets oppgjør blei man for eksempel enige om en økonomisk ramme på 3,7 prosent, dersom ramma har et overheng på 0.9 prosent og en lønnsglidning på 1.5 prosent, blir regnestykket slik:

Økonomisk ramme: 3,7 %
÷ overheng 0,9 % og glidning 1,5 %  = 2,4 %
= Til fordeling ved tariffoppgjøret til generelle tillegg og andre kostnader: 1,3%

Kva er så overheng?

Overheng er den prosentvise beregningen som beskriver kor mykje lønnsnivået ved utløpet av et år ligger over gjennomsnittsnivået for heile året. Det forteller dermed kor stor lønnsveksten frå ett år til det neste vil bli dersom det ikkje gis lønnstillegg eller foregår strukturendringer i det andre året.

Det er særlig virkningstidpunktet for lønnstillegget som styrer kor stort overhenget blir. Jo seinare på året lønnstillegget gis, jo høgare blir overhenget, fordi differansen mellom gjennomsnittlønna for året og lønna på slutten av året, blir større.

Størrelsen på overhenget kan variere mellom tariffområder og variere frå år til år innan dei ulike tariffområda.

Det statistiske grunnlaget for beregninga varierer også mellom næringsområder og overenskomster. Størrelsen på overhenget vil derfor ofte være et tolkingsspørsmål.

For årets oppgjør vart overhenget beregnet til 0,9 prosent

Glidning

Glidning kallast også lønnsglidning. Dette er forskjellen mellom den lønnsveksten som er avtalt i et lønnsoppgjør og den som faktisk blir realisert (målt i ettertid).

Lønnsglidninga kan blant anna omfatte lønnstillegg som er gitt ved lokale forhandlingar på de enkelte arbeidsplassane, personlege tillegg, ansiennitetstillegg, økt fortjeneste på grunn av økt akkord eller økt bruk av skiftarbeid mv.

Lønnsglidning beregnes i forbindelse med forhandlinger om den økonomiske ramma ved tariffoppgjør.

Frontfag berekna i år ei glidning på 1.5% medan vi på gods berekna ei glidning på 0.75% av ramma.

Dette er med på og forklare forskjellen på kronene i frontfag og andre tariffavtaler. Frontfag fekk 4 kr i generelt tillegg og 2 kr i teko tilleg (lavtlønnstillegg). Pluss auking av satsene i avtalen, som i sum ender opp i 1,3%

Vi på Gods enda opp med 4 kr generelt til alle. 2kr auke i fagbrev tillegget, samt 7 kr på alle minstelønssatsane frå 01.07.22. Så kjem lønsglidninga på 0.75% som skal forhandles om ute i kvar enkelt bedrift. I snitt er desse 0.75% av ramma berekna til 3.25kr/t. Som de ser, så kjem ikkje alle kronene frå 01.04.,7 av kronene kjem 01.07 dette vil sei at ei krone av desse kronene tek mindre av ramma sidan den kunn har virkning i 6 mnd i stede for 9 mnd. Fagbrev tillegget tek også forholdsvis lite av ramma, sidan det er få med fagbrev på avtalen. Når tillegget vert gitt seinare på året i år, vil det ha ein aukande effekt på overhenget for neste år. Dette virker derimot mindre inn for 2023 når det er eit mellomoppgjør som vert likt for alle bransjer. Sett i forhold til korleis det ville gjort inn mot eit hovudoppgjør, der det er bransjespesifikke forhandlinger og det vert berekna overheng for kvar bransje.

Kven kan påvirke sentrale lønsforhandlinger?

Det er betalende medlemmer i forbund med instillingsrett som kan påvirke sentrale lønsforhandlinger. For gods har vi 2 forbund med instillingsrett. (Fellesforbundet og ytf) Det er den totale medlemsmassen som er tyngda bak våre krav. Årets oppgjør som kjem betre ut for gods enn i mange andre bransjer kjem i havn med ca 10% av arbeidarane organiserte. Kva ville resultatet blitt med for eksempel 50% organiserte?

Som medlem i Fellesforbundet er du ein av dei som er med og påvirker forhandlingane. Du har mulighet til og komme med forslag om krav til forhandlingar gjennom din lokale klubb. Du har mulighet til og vere med på bransjekonferanser der medlemmane set opp endeleg prioritet på dei innkomne krava. Med andre ord, så er det medlemmane som styrer alle krava som skal fremmast i forhandlingane.

Kven er det som forhandler?

Forhandlingsdelegasjonen frå Fellesforbundet i 2022 som består av sjåfører. Frå venstre: Svein-Inge Benden, Erik Øvreset, Asgeir Ripe, Morten Johannesen, John Olav Øyangen, Arne Garvik og faglig sekretær Ole Einar Adamsrød.

I forhandlingane sit bransjerådet ledet av forbundssekretær for kvar bransje. Bransjerådet for gods består av sjåfører som har sitt daglige arbeid ute på vegane. Bransjerådet vert utpeika av forbundsstyret for kvar bransje. Utvelgelsen skjer frå ei liste med navn som er foreslått av medlemmane gjennom sin lokale klubb. Råda sit i 2 år av gangen. Nytt råd vert valgt rett etter dei sentrale forhandlingane, slik at dei bruker dei 2 neste åra på å forberede seg til dei neste forhandlingane.

Bli med og påvirk framtidige lønsforhandlinger! Les meir om Fellesforbundet og Bli medlem her:

https://www.fellesforbundet.no/aktuelt/kampanje/gods/

Enighet i lønsforhandlingene på Godstariffen.

Etter to dager med forhandlinger på overenskomsten for godssjåfører kom partane no i kveld til enighet om årets oppgjør. Forhandlingane har vert tøffe, men med eit bedre sammarbeidsklima mellom partane enn i tidlegare forhandlinger, resulterer i enighet. No skal resultatet ut på uravstemning hos medlemmane med svarfrist 22.06.2022. Her er det viktig at alle medlemmer bruker stemmeretten.

Langtransportavtalen har i mange år vert en kjepphest for medlemmane i innkomne krav og i tidlegare forhandlinger. Etter årets forhandlinger skal no dei som køyrer langtransport med overnatting vekke frå heimen minimum lønnes etter nærtransport tariffen inkludert tillegga som ligg der. Det vil sei at vi no har eit felles lønssystem for alle på godstariffen. Dette kravet har vert vanskeleg og få innført med tilbakevirkande kraft, så det vert innført 01.07.22 så fremt uravstemninga kjem ut med positivt resultat.

Lønstillegga vert gitt på følgande måte:

  • Frå 01.04.22 får alle eit generelt tilleg på kr. 4.-
  • Frå 01.04.22 aukar fagbrevtillegget med kr. 2.-
  • Frå 01.07.22 aukar minstelønssatsane med kr. 7.-
  • Frå 01.07.22 fjærnes langtransportavtalen og alle skal minimun lønnes etter nærtransportavtalen.
  • Det SKAL i tilleg gies lokale tillegg. Dette må forhandles fremm i dei enkelte bedrifter.

Nye minimumssatser i tariffen vert som følger:

  • frå 01.04 : 0-3 år: kr. 189,50.-
  • frå 01.04: 3-6 år: kr. 191,50.-
  • frå 01.04: over 6år: kr. 193,50.-
  • Frå 01.04 Fagbrevtilleg: kr. 11.-
  • Frå 01.07 Alle lønnes minimum etter nærtransport tabellen også sjåfører som har køyring med overnatting vekke frå heimen. Mellom 01.04 og 01.07 vert satsane på langtransportavtalen for aktiv tid: kr.122,66.- og for passiv tid: kr. 52,74.-
  • Frå 01.07: 0-3år : kr. 196,50.-
  • Frå 01.07: 3-6år: kr. 198,50.-
  • Frå 01.07: over 6år kr. 200,50.-
  • Alle overfornemte satser gjelder for dei som arbeider etter plan på 37,5t/veke og skal derfor justeres dersom ein jobber på 35,5t/veke.

Ny allmengjort minstelønn som ingen kan lønnes under vert som følge av dette kr.196,50 frå 01.07.22 så fremt allmengjøringsnemda godkjenner dette.

  • Videre fikk vi inn blant anna tekst om:
  • Arbeidstøy skal tilpasses kvinner der unisex-modellen ikkje er tilfredsstillende.
  • Bedriften holder nødvendig, firmamerket arbeidstøy og vernefottøy tilpasset årstiden og arbeidsplassen.
  • vernebriller med styrke
  • Styrking av lokal drøfting på tjenestepenjon
  • Overtidsdiett bestemmelsen blir økt til kr. 96.-

Resultatet vert enstemmig anbefalt av forhandlingsdelegasjonen. NB! det er du som medlem som bestemmer om resultatet vert godkjent gjennom å stemme i uravstemminga.

Informasjon om Tariffoppgjøret 2022

Bli Medlem

Tusen takk til alle som er medlem for innspel til forhandlingane. Uten dokke hadde ikkje forhandlingane vert moglege!

Lønsforhandlinger

Vårens vakreste eventyr er i gang. Lønsforhandlingane for gods bransjen starter i dag på NHO huset.

Forhandlingsutvalget er klar til forhandlinger. Frå venstre: Svein-Inge Benden, Erik Øvreseth, Asgeir Ripe, Morten Johannesen, John Olav Øyangen, Arne Garvik og Ole Einar Adamsrød

Gjennom året har medlemmene i Fellesforbundet sendt inn krav til lønsforhandlingane. Krava har vert gjennomgått og prioritert av medlemmer på bransjeekonferansen og vert no overlevert arbeidsgiversida.

Krav overlevering til arbeidsgiversida.

Forhandlingane går over to dager, så håpet er at vi har klar ny avtale på ettermiddagen onsdag. Dersom vi ikkje oppnår enighet fortsetter forhandlingane med hjelp frå riksmekleren.

Følg forhandlingane her:

https://www.fellesforbundet.no/lonn-og-tariff/tariffoppgjoret-2022/

Bli med og påvirk kommende forhandlinger som medlem i Fellesforbundet:

https://www.fellesforbundet.no/aktuelt/kampanje/gods/

Stort JA flertall til meklingsresultatet på godsavtalene

Medlemmene på godsavtalene med NHO Transport og Norges Lastebileier-Forbund har i uravstemningen etter forhandlinger og mekling, stemt klart JA til resultatet.

Det er et like klart JA flertall på begge avtalene.
Riksmekleren og arbeidsgiversiden er i dag blitt meddelt at NTF aksepterer meklingsresultatet på grunnlag av uravstemningen.

Transportarbeider.no

Resultatet NHO

Resultatet NLF